søndag 22. januar 2017

Klimabudsjett utan effekt på klimaet

Det var ein gong eit klimabudsjett. Det vart kalla tidenes klima- og miljøbudsjett.
- Det må vel være tidenes overdrivelse.

Nok eventyr, for følgande er meint å være reelt: Ein auke i drivstoffavgifta gjer at me skal kjøre mindre bil. Ein auke som først og fremst vil ramme dei av oss som ikkje har eit alternativ til bilen. Dei må jo framleis kjøre til barnehage, jobb, fotballtrening og turn. Hadde det gått ein buss, så kan det godt hende dei hadde tatt han.

At dette skal være ein del av eit såkalla grønt skifte, er ganske enkelt provoserande. Både for Språkrådet som kåra det til årets nyord for to år sidan (sjølv om det strengt tatt er to ord), og for folk som er opptatt av miljøet vårt. For mindre innhald kan knapt eit uttrykk ha.

Me treng ein klimadebatt som tek for seg korleis me reelt kan kutte i utsleppa våre. Då må me tenke nytt. Særleg dersom me skal nå måla våre frå Klimaforliket om å redusere utslepp frå samferdselssektoren med 2,5-4 mill. tonn CO2-ekvivalenter per år. Då må me tenke heilt nytt.

Bygger me moderne tog mellom Oslo-Trondheim og Oslo-Bergen-Stavanger som går fort nok, vil desse strekka åleine redusere CO2-utsleppa våre med ca. 1,5 mill. tonn grunna overført flytrafikk, biltrafikk og godstransport. Då skal me snakke om grønt skifte.

Stor skilnad på standard i Noreg og resten av Europa, sjølv om me har dei mest trafikkerte flyrutene i Europa? Kjelde: WikiMedia Commons


søndag 16. oktober 2016

Strevar DU med ei kommunereform? Følg desse enkle grepa

Nokre dagar kjennest det som at ingenting går din veg. 
Du gløymde å setje elbilen på lading i går. 
Du har endeleg sett av tid til kantklipping, men finn ut at klipparen er tom for bensin.  
Matavfallsposen raknar. 
Me har alle vore der. 
Eller kanskje er du til dømes kommunal- og moderniseringsminister, for eksempel, og har ein tøff dag på jobb. Du har eit hjartebarn, ei <3 refom <3 som du så gjerne vil ha gjennomført. Du får det berre ikkje heilt til. La oss seie at reforma er ei kommunereform. For eksempel.

Bruk denne enkle ti-punktslista under for å sjekke om det finst noko du som minister sjølv gjer gale i framdrifta med reforma:

1. Ingen veit heilt kvifor reforma kjem. Det hadde du gløymt å tenke over. 

2. Ingen veit kva oppgåver eventuelle nye kommunar skal førebu seg til å løyse. Du starta litt i gal ende her, eller kva?

3. Du vel catchy uttrykk som "robuste kommunar" og gjentek desse til det keisame for å selje reforma di. Hugseregel: Reform er ikkje det same som sjamporeklame.

4. Du gløymer å sjekke at fakta som innbyggjarundersøkingar, historikk og eksempel frå andre land, strid i mot logikken bak reforma di. *sad face*

5. Lokalpolitikarar frå kommunar kor folk er nøgde med dei kommunale tenestane gir deg stadige påminningar om punkt 4. 

6. Du slit med argumentasjonen: Du vart tilfredsstilt av Tysvær + Bokn = 11.790 innbyggjarar = robust nok. Samstundes som at Sola (26.096 innbyggjarar) = ikkje robust nok = Sola bør slå seg saman med nokon. Kven som helst. Gjerne Karmøy.

7. Du piskar opp stemninga med folkeavrøystingar, får folk til å engasjere seg når demokratiet kallar, og overhøyrer resultata når folket har talt. 

8. Du lokkar med godtgjersle for å få kommunane til å gjere som du vil. Dei som ikkje gjer som du vil, vart straffa med mindre penger. Dette er det eldste knepet i boka, samt det dårlegast likte. Det er ein grunn for at dei fleste av oss legg frå oss denne strategien etter endt barnehage.

9. Du har brukt svimlande høge summar på reforma, som ser ut til å koke ut i kålen. Oida.

10. Du gjer alle punkta ovanfor, men forstår framleis ikkje kvifor alt går galt.


Dersom du finn deg skuldig i eit eller fleire av punkta, kan nemleg nettopp dette være årsaka til at reformarbeidet går så stritt. 

Men fortvil ikkje. Løysinga er enkel. Det einaste du treng gjere, er å endre på framdriftsplana di og ikkje gå i fella for ti-punktslista. Easy peasy?